- Me oppfordrar det norske folk til å ta dette vidare og selgja ideen til andre regjeringar, seier pastor James K. Ninrew om den komande lova om land-for-land rapportering.
James K. Ninrew er pastor i Juba, hovudstaden i Sør-Sudan. I tillegg kjempar han for global openheit gjennom fleire organisasjonar, mellom anna Publish What You Pay Sør-Sudan. Sør-Sudan er verdas yngste land, og er svært avhengig inntekter frå oljeindustrien. - Me veit at olja blir pumpa opp.
Då forventar me at det gjev staten skatteinntekter - og landet tenester og betre infrastruktur. Når du ikkje ser desse tenestene, lurer du på kva som skjer, seier Ninrew i intervjuet med "Vårt Land" Pastoren var ein av 25 deltakarar på kursprogrammet TRACE i regi av PWYP Norge.
Kurset var avslutta med seminaret "Politics, not Charity": på Litteraturhuset 28. november. Her møtte representantar frå Statoil, EU-kommisjonen, Stortinget og Norsk Øko-Forum for å diskutera den komande lova om land-for-land rapportering. Lova krev at norske utvinningsselskap vil måtte offentleggjere rekneskapstal frå landa dei opererer i.
Lova er blitt kritisert for å la "skatteparadis gå under radaren" og "detaljane rundt lova er enno usikre". James Ninrew ønskjer ei sterk norsk lov.
- Om eg veit kva selskap tener og betaler i skatt både i Oslo og Afrika, og ser at dei tener meir ein stad, då ønskjer eg å vita korleis det er blitt slik, seier han til Vårt Land. Han understreker at innbyggarane i ressursrike land har ein legitim rett til å vita kva som skjer med skatteinntektene som landet tek inn.
- Pengane som selskap betalar i skatt til regjeringa er midlar som er tiltrudd regjeringa på vegne av folket. Me treng tryggleik, næringsutvikling og infrastruktur - alt dette kostar pengar, seier Ninrew til Vårt Land. _Foto av James Ninrew under seminaret "Politics, not Charity" (Maria Lavik)