Sivilsamfunn har nøkkelrolle i kampen for ei sterk lov mot skatteflukt

Detaljane rundt den komande lova om land-for-land rapportering er framleis uklåre. Opposisjonen ber sivilsamfunnet følge nøye med på at regjeringa gjer jobben sin.

Torsdag gav finanskomiteen frå seg innstillinga til lovforslaget om land-for-land rapportering. Hans Olav Syversen kom rett til seminaret ”Politics, not Charity” for å koma med nyheita frå forhandlingane. - Me har tatt eit steg framover. Alle partia er no einige om å ta med uønskt skatteunndraging som formål med lova, sa Syversen.

Sjå debatten frå seninaret "Politics, not Charity her:

Følgjer opp signal frå budsjettforliket

Dette var alt klart frå budsjettforliket mellom KrF, Venstre og regjeringspartia som kravde at regjeringa må innarbeida mål i lova om å synleggjera uønskt skattetilpassing. - Regjeringa skal ha dette målet når den skal gjera den komande lova operasjonell. Me vil no sjå korleis regjeringa gjer dette, sa Syversen. Lovforslaget om land-for-land rapportering legg opp til at norske selskap i utvinningsindustrien vil måtte opplysa om kor mykje dei betaler i skatt til andre land, samt andre nøkkeltal for verksemda si. Eit samla sivilsamfunn har vore kritiske til lovforslaget som vart lagt fram av den raudgrøne regjeringa. 

Stort handlingsrom til regjeringa

Ei av innvendingane er at målet om å synleggjera skatteunngåing er forsvunne frå lovforslaget. No er dette målet tilbake i lovforslaget, men utfallet er enno ope. Det er nemleg opp til regjeringa å sjølv tolka kravet om at lova skal ha eit formål om å synleggjera uønskt skattetilpassing. Bård Vegar Solhjell, parlamentarisk leiar i SV, var også med på konferansen ”Politics, not Charity”. Han kunne opplyse at det raudgrøne mindretalet krev ei utgreiing av formålet med lova, og ei utgreiing av om lova også kan gjelde selskap sine underselskap i skatteparadis. - Dette meiner me bør koma som ein del av revidert statsbudsjett for 2014, sa Solhjell. 

SV tviler på støtte frå KrF og Venstre

Lovforslaget skal opp for Stortinget neste fredag. Solhjell tviler på at dei får med seg vippepartia Venstre og KrF. - Det verkar som at dei har gjort ein avtale med Høgre og FrP. Eg trur ikkje dei vil snu i denne saka. Men de i sivilsamfunnet kan påverka og følgja opp denne saka. Den same oppmodinga kjem frå Syversen: - KrF kan ikkje gjere noko meir på dette tidspunktet. No er det viktig at sivilsamfunnet må følgje opp.