Vil tvinga kinesiske bankar til openheit

image*Kinesiske myndigheiter krev større grad av openheit frå dei største bankane i landet. - Viser at Kina har lært av finanskrisa, seier Mona Thowsen, generalsekretær i PWYP Norge*. Kinesiske myndigheiter krev større grad av openheit frå dei største bankane i landet. Bankane vil no måtte offentleggjera data på 12 indikatorar. Mellom anna vil bankane måtte visa deira "off balance sheet assets": eigendelar som ikkje visest i rekneskapen, som til dømes gjeldsobligasjonar. Dette er informasjon som er svært viktig for investorar som vil undersøka den finasielle tilstanden til bankane. Dei nye krava vil gjelda minst 12 av 19 børsnoterte kinesiske bankar. Les meir om "saka på BBC her":http://www.bbc.co.uk/news/business-25663545 - Finanskrisa viste at det som var sett på som solide bankar, i realiteten var bygd opp på finansiell sårbarheit. Kina er mellom fleire land som ser ut til å ta lærdom av dette, seier Mona Thowsen, generalsekretær i PWYP Norge. - Dette betyr ikkje berre at kinesiske bankar frå no av må væra meir opne, men også at kinesiske verksemder i større grad må søka finansiering i marknader utanfor Kina, marknader som er meir transparente. Eit kinesisk selskap vil då stå ovanfor valet mellom å henta kapital i transparente marknader, eller å ikkje få tilgang til kapital. Eg trur det valet er enkelt, seier Mona Thowsen. Ho viser til at Frankrike alt krev land-for-land rapportering for banker. Ho håpar Noreg vil følgja etter dette eksempelet.