Journalist og TRACE-deltakar Elizabeth Ayamga skriv kronikk om korleis kapitalflukt trugar utviklinga i Afrika.
"Kapitalflukt er hovudgrunnen til at afrikanske land har blitt tvungne til fattigdom."
Slik startar kronikken til journalisten Elizabeth Ayamga, publisert på modernghanacom 3. mars. Ho tek for seg at anslagsvis 1200 til 1600 milliardar dollar forsvinn kvart år frå Afrika og over til skatteparadis.
Ayamga deltok på modul 1 av PWYP Norge sitt TRACE-program i Oslo i november i fjor. Saman med 24 andre deltakarar frå afrikansk sivilsamfunn, kjem Ayamga med ein del klare tilrådingar for å hindre kapitalflukt frå Afrika.
Les heile kronikken til Ayamga her.
Kronikken er publisert på modernghana.com, ei nettside som omtalar seg sjølv som "Ghana’s leading general news and information destination online". Sida når rundt 80 000 unike brukarar kvar dag.
Elizabeth ha tidlegare omtala PWYP Norge sin rapport "Pipping Profits".