Korrupsjon tema på studentfestival

Studentfestival set fokus på korrupsjon i 2015.

Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim, ISFiT, har bestemt at tema for festivalen i 2015 er korrupsjon. Dette er den største internasjonale studentfestivalen i verda, som samlar 450 studentar frå heile verda. 

"For samfunnet er korrupsjon svært skadeleg, som eit hinder for politisk og økonomisk utvikling. Korrupsjon er negativt for økonomisk vekst og ei stor kjelde til politisk ustabilitet" skriv ISFiT på sine heimesider. 

Les meir på ISFiT sine heimesider.

PWYP Norge er glade for temavalet til ISFIT, men minner om at ein ikkje kan sjå på korrupsjon utan å også sjå på kapitalflukt. Finaniselt hemmeleghald omfattar både korrupsjon og kapitalflukt, og vert lagt til rette av ein heil industri der skatteparadis, skalselskap og advokatar speler ei viktig rolle.

Les meir i kronkken "Vår beundring for Korrupsjon og kapitalflukt" signert PWYP Norge.