*Gruveselskap og sivilsamfunn kjempar saman for finansiell openheit i gruveindustrien i Canada*. Interessene til kommersielle utvinningsselskap kjem ofte i konflikt med krava om meir finansiell openheit. Det vekker derfor no oppsikt at gruveindustrien i Canada sjølve tek initiativ til nye reglar som kan sikra større grad av openheit. Openheitsorganisasjonar og kanadisk gruveindustri arbeider saman for å få gjennom ein ny forpliktande rapporteringsstandard som vil gjelde alle selskapa som er børsnotert i Canada. Saman krev dei nye reglar for land-for-land rapportering, der gruveselskap må offentleggjere kor mykje dei betalar til myndigheitene. Kanadiske gruveselskap er under sterkt press frå menneskerettsorganisasjonar. Kanadiske gruveselskap opererer over heile verda, og blir ofte kritisert for brot mot menneskerettane. - Gruveindustrien håpar at om dei offentleggjer betalingane, så vil det minske gapet mellom det dei sjølve meiner dei bidreg med for samfunnet, og kva samfunnet faktisk trur dei bidreg med, seier Jamie Bonham i investeringsselskapet NEI Investments til "Financial Post":http://business.financialpost.com/2014/01/16/miners-disclosure-2014/. PWYP Canada er ein av organisasjonane som vore med i arbeidsgruppa saman med gruveselskapa, noko Claire Woodside i PWYP-Canada kallar "eit unikt samarbeid". - Canada har no mogelegheita til å ta vår einigheit vidare for å skapa ein robust rapporteringsstandard som vil gjera Canada ledande på global openheit, "seier Woodside":http://www.publishwhatyoupay.org/resources/new-framework-clears-path-transparency-canadas-mining-sector. Det er no opp til kanadiske myndigheiter å vurdera innspelet frå gruveselskap og sivilsamfunn. Ei ny lov i Canada vil kunne få stor innverknad på verdsbasis, då rundt 60 % av verdas gruveselskap er børsnoterte i Canada. Dette gjeld over 1000 selskap som opererer i over 100 land.