Forslag om å lukke aksjonærregister i utakt med resten av verda

Finansminister Siv Jensen. Foto: Rune Kongsro

Finansdepartementet foreslår å lukka aksjonærregisteret for innsyn. PWYP Norge skriv i sitt høyringssvar at dette er stikk i strid med openheitsinitiativa i EU og resten av verda.  

Finansminister Siv Jensen har sendt eit forslag om å lukka aksjonærregisteret ut på høyring

Aksjonærregisteret inneheld opplysningar om norske aksjeeigarar, og blir forvalta av Skatteetaten. Registeret inneheld både offentlege opplysningar og taushetsbelagt informasjon. No foreslår Finansdepartementet å lukka registeret heilt for innsyn, uavhengig om opplysingane er allment tilgjengelege.

LES MEIR: Presseforbundet og Redaktørforeininga slår full alarm om aksjonærregister.

Finansdepartementet oppgjev tre grunnar til at registeret bør lukkast for offentleg innsyn:

1. Aksjonærregisteret vart oppretta for likningsformål, ikkje for å sikra informasjon til ålmenta.

2. Utlevering av informasjon frå aksjonærregisteret kan skada tilliten mellom skatteytarane og Skatteetaten. Ei lukking av registeret kan sikra denne tilliten. 

3. Ei lukking kan motverke uforholdsmessig ressursbruk i Skatteetaten. 

LES MEIR: Ope utfall for aksjonærregisteret.

I sitt høyringsinnspel understrekar PWYP Norge at Finansdepartementet sitt forslag går motsett veg av internasjonale initiativ  for å sikra openheit rundt eigarskap i selskap: 

  • To viktige komitear i Europaparlamentet stemte 20. februar  for å oppretta register over reelle eigarar. Desse registra skal vera offentlege, og vise kven som i realiteten eig og kontrollerer selskap. 
  • Forslaget går på tvers av prosessen med openheitsinitiativet Open Government Partnership som Noreg deltek i. "Skulle Noreg velja å lukka dette registeret, så kan det ha store negative konsekvensar for dei initiativa som finst i andre land når det gjeld openheit knytta til "beneficial ownership", dvs den faktiske eigar", skriv generalsekretær i PWYP Norge, Mona Thowsen. 
  • Statsminister i Storbritannia, David Cameron, lova 31. oktober i fjor at landet ville oppretta eit offentleg register over reelle eigarar. 

PWYP Norge skriv vidare at argumentasjonen Finansdepartementet brukar for å lukka registeret, er kuriøs. Tausheitsplikta har ikkje eit mål om å verna byråkratar mot meirarbeid; målet er å sikra folk sin rettstryggleik. 

Fordelane ved å ha eit aksjonærregister som er ope for innsyn er større enn dei administrative kostnadane, meiner PWYP Norge.

Dette registeret utfyller informasjon som manglar i andre registre, til dømes gjev kommersielle registre som proff.no berre informasjon om dei største aksjonærane. Å lukka registeret vil dermed redusera tilgangen til viktig offentleg informasjon. 

PWYP Norge foreslår derfor at aksjonærregisteret ikkje skal lukkast. I tillegg forslår PWYP Norge:

  • At opplysningar om eigarforhold blir lagt inn i Brønnøysund-registra. Desse opplysingane bør overførast ein gong i året frå Skattedirektoratet til Brønnøysundregisteret. 
  • All informasjon i Brønnøysund-registra bør digitaliserast. Gjennom datasystem- og verktøy kan meir informasjon bli lagt ut digitalt, for å auka brukarvenlegheita og tilgangen til offentleg informasjon. Slik kan det også bli enklare å laga samanstillingar av informasjon.  

Les heile brevet til Finansdepartementet her: