Følg høyringa om ny openheitslov i dag!

I dag møter PWYP Norge og fire andre organisasjonar finanskomiteen for å diskutera openheitslova. Høyringa kan du følgja direkte på nett-tv!

Finanskomiteen arbeider denne månaden med lovforslaget om land-for-land rapportering.

Forslaget legg opp til at norske selskap i utvinningsindustrien vil måtte opplysa om kor mykje dei betaler i skatt til andre land, samt andre nøkkeltal for verksemda si.

PWYP Norge, Changemaker, Tax Justice Network, Kirkens Nødhjelp og Attac Norge er nokre av organisasjonane som ikkje er nøgde med dette lovforslaget. Forslaget let skatteparadisa gå under radaren, slik at lova blir tannlaus i kampen mot både kapitalflukt og korrupsjon.

I dag møter desse fem organisasjonane finanskomiteen til ei open høyring om lovforslaget. Målet er at komiteen skal vedta ei sterk openheitslov.

Høyringa startar klokka 14.55, og du kan følgja den direkte på nett-tv Bruk

"denne linken": Høyringa foregår i høringssal 1.