Etikkrådet kritisk til 15 selskap

 

Etikkrådet tilrår utelukking eller observasjon av 15 selskap i si nye årsmelding. Seks av desse selskapa opererer innan utvinningsindustrien. 

PWYP Norge har tidlegare bede Oljefondet om å stilla krav om openheit i selskap dei investerer i.

Etikkrådet har i oppgåve å vurdere om Oljefondet sine investeringar er i tråd med fondet sine eigne etiske retningslinjer. 
 
Førre veke offentleggjorde etikkrådet årsrapporten for 2013. Den viser at Etikkrådet har tilrådd utelukking eller observasjon av 25 selskap.
 
 
Seks av desse selskapa driv innafor utvinningsindustrien:
 
Zijin Mining Group Co. Ltd, eit kinesisk gruveselskap som er den største gullprodusenten og nest største kopparprodusenten i Kina. Det har vore fleire alvorlege dambrudd ved Zijin sine anlegg, dette har ført til alvorleg forureining og tap av menneskeliv. Etikkrådet tilrår å utelukke selskapet. 
 
Volcan Compañia Minera SAA, gruveselskap som driv ei blygruve i Peru. Etikkrådet meiner selskapet er medverkande til omfattande blyforureining som har ført til helseskader, særleg blant born. Etikkrådet tilrår å utelukke selskapet. 
 
AngoGold Ashanti Ltd, gruveselskap som står bak omfattande arsenforureining frå selskapet sine gullgruver i Ghana. Etikkrådet tilrår å utelukke selskapet. 
 
Royal Dutch Shell, og Eni Sp.A, to oljeselskap som er anklaga for å stå bak omfattande miljøskadar oljeproduksjonen deira i Niger-deltaet. Etikkrådet tilrår at selskapa skal settast til observasjon. 
 
Sesa Sterlite, eit gruveselskap som er kjøpt opp at Vedanta Resources, som tidlegare er tilrådd utelukka av Etikkrådet på grunn av miljøskade og medvirkning til brot på menneskerettane. Etikkrådet tilrår derfor å også utelukke Sesa Sterlite. 
 
PWYP Norge har tidlegare bede Oljefondet om å stilla krav om openheit i selskap dei investerer i.