Derfor er kampen mot kapitalflukt viktig

image *Økonomar og humanitære organisasjonar åtvarar mot kapitalflukt, som både hindrar utvikling i fattige land og er ein trussel mot vestlege velferdsstatar.* *- 1000 barneliv kunne ha blitt redda kvar dag, om me hadde klara å stansa skatteunndraging, seier Redd Barna*. Kapitalflukt er eit heitt politisk tema. Kvart år forsvinn rundt 1260 milliardar dollar frå utviklingsland i ulovleg kapitalflukt. Dette er ti gonger som mykje som den samla u-hjelpa i verda. Kapitalflukt er også blitt eit viktig tema i Vesten, etter avsløringar om at multinasjonale selskap som Google og ExxonMobil "betalar svært lite i skatt":http://pwyp.no/en/google-og-exxonmobil-faar-akademisk-refs. *Redd Barna skuffa over norsk lovforslag* Kapitalflukt blir no diskutert på politisk nivå i Noreg. 14. oktober la finansminister Sigbjørn Johnsen fram eit forslag "for nye reglar for land-for-land rapportering":http://pwyp.no/en/vil-sjarmera-politikarane-til-aa-vedta-lov-mot-skatteflukt. Dette lovforslaget skulle i utgangspunktet hindra kapitalflukt, men PWYP Norge meiner, saman med fleire organisasjonar, at dette er blitt ei "tannlaus lov":http://pwyp.no/en/hvorfor-beskytter-finansdepartementet-skatteparadiser. Redd Barna er skuffa over lovforslaget. - Lova gjev ikkje oversyn over skatteparadis, noko som er eit kjempefint smutthol for norske selskap som ikkje vil betala skatt til andre land. Me veit at 1000 barneliv kunne blitt redda kvar dag, om me hadde klara å stansa skatteunndraging, seier Gunvor Knag Fylkesnes frå Redd Barna. *Skattekrim ein trussel mot velferdsstaten* Uttalelsen hennar kom under seminaret "Skjulte eiere" i regi av "Tax Justice Network Norge":http://taxjustice.no. Med på møtet var også Marianne S. Bender, leiar av skatte- og avgiftsteamet i Økokrim. - Eg registrerer at skatt- og avgiftskriminalitet er blitt prioritert ned i lovforslaget om land-for-landrapportering. Dette er eit felt som me prioriterer opp, skattekriminalitet er ein framtidig trussel mot velferdssamfunnet, seier Bender. [img_assist|nid=16296|title=|desc=|link=none|align=right|width=267|height=400] Ho viser til Økokrim sin trusselvurdering for 2013-2014, som viser at nordmenn unndrar rundt 130 milliardar kroner i skatt kvart år. Økokrim registrerer ein stadig aukande profesjonalisering innan økonomisk kriminalitet, der "proffe aktører som bankfolk, advokater, meglere eller lignende gir større profesjonalitet og et skinn av legitimitet." "Les Økokrim sin trusselvurdering her":http://www.okokrim.no/www/okokrim/resource.nsf/files/wwww93sfde-trusselvurdering_2013-20141/$FILE/trusselvurdering_2013-20141.pdf *Skepsis frå Høgre* Lovforslaget for nye land-for-land reglar vert no diskutert i finanskomiteen på Stortinget. Marianne Marthinsen sit i denne komiteen som representant for Arbeiderpartiet. Under seminaret la ho ikkje skjul på at ho ikkje var heilt nøgd med forslaget. - Lovforslaget har fleire svakheiter, som at den ikkje omfattar skatteparadisa og konserninterne transaksjonar. Marthinsen understrekar at Noreg har fått i stand mange innsynsavtalar med skatteparadis, som kan redusera mogelegheita for kapitalflukt. - Eg er glad me får på plass ei lov om land-for-land rapportering no. Lovforslaget krev utvida rapportering av rekneskapstal, så der går me lenger enn EU. Denne lova kan me dessutan evaluera om tre år, seier Marthinsen. Siri A. Meling representerer Høgre i finanskomiteen. Ho fryktar at for strenge reglar vil skade norske bedrifter. - Lova må vegast opp mot omsynet til at norske bedrifter må kunne vera lønsame. For mange særnorske krav vil vera negativt for selskapa, seier Meling. *Støttar PWYP Norge* Inger A. E. Coll, leiar for "Norsk Øko-Forum":http://www.norskokoforum.no, er skuffa over lovforslaget. - Dette er ikkje tida for å bremse på, det er heller på tide å vera meir radikale enn å seia at me skal utreia lova først om tre år. Selskap som jukser med skatt får dårleg PR, og ei sterk lov kan gjera det lettare å stikka kjeppar i hjula for desse selskapa. "PWYP Norge har presentert eit godt forslag til norske LLR-reglar":http://pwyp.no/nb/pwyp-norges-horingsinnspill-i-2013-ifm-rapport-om-land-land-rapportering, seier Coll. _Foto på framsida er av born som et lunsj på ein barneheim i Sør-Sudan UN Photo/Arpan Munier_ _Foto øverst frå seminaret "Skjulte Eiere" i regi av Tax Justice Network Norge. Frå vesntre: Gunvor Knag Fylkesnes i Redd Barna, Marianne Marthinsen frå Arbeiderpartiet og Siri A. Meling frå Høgre._ _Foto nederst av Marianne S. Bender, leiar av skatte- og avgiftsteamet i Økokrim._