Yara-investor krev meir openheit

Korrupsjon i Yara uroar storinvestor KLP, som no krev at styreleiaren går av. Yara-saka viser problema rundt sekretessejurisdiksjonar og manglande openheit om eigarforhold og selskapsstruktur, skriv KLP i ein kronikk.

I midten av januar fekk gjødselgiganten Yara eit førelegg av Økokrim på 295 millionar kroner for grov korrupsjon i Libya, India og Russland. Yara har erkjend straffeskuld, og Økokrim har no teke ut tiltale mot fire tidlegare Yara-toppar. Korrupsjonsskandalen uroar Kommunal Landspensjonskasse (KLP), som er storeigar i Yara. Selskapet har følgt med på korrupsjonssaka i tre år, og har utført sine eigne undersøkingar i saka. I ein kronikk i Dagens Næringsliv 4. februar, utrykker KLP tvil om selskapet følgjer sine eigne etiske retningslinjer, og meiner det noverande styret må ta ansvar. Styreleiar må bera ansvaret for den tvilen me har til at saka ikkje er handtert tilstrekkeleg, og at den ikkje har fått tilstrekkelege konsekvensar, seier Jeanett Bergan til Dagens Næringsliv med klar adresse til styreleiar i Yara, Bernt Reitan.

Brukte skatteparadis aktivt 

I kronikken viser KLP til at Yara-saka set søkeljos på problemstillingar rundt sekretessejurisdiksjonar og manglande openheit om eigarforhold og selskapsstruktur. Yara brukte skatteparadis aktivt for å legga til rette for korrupsjon. Økokrim skriv at “Realitetene i overføringene fra Yara er tilslørt og svært vanskelige å oppdage. Bestikkelsene er skjult blant annet ved bruk av falske bilag, fordekt ved overprising av varer, og ved bruk av selskaper i såkalte «skatteparadiser».”Yara er likevel berre eit av fleire statseigde selskap som brukar skatteparadis", skriv Klassekampen. Avisa viser til to eksempel: Telenor eig ein tredel av Vimpelcom, som er registrert på stillehavsøya Bermuda. DNB har fleire dotterselskap i Luxembourg, mellom anna ein filial som tilbyr tenester til rike privatkundar.

Støttar utvida land-for-land rapportering 

I mars i fjor gjekk KLP ut med "støtte til PWYP Norge sitt forslag om utvida land-for-land rapportering". Slik me ser det, er utvida land-for-land-rapportering den beste rapporteringsforma for selskapa, sa Jeanett Bergan under konferansen "Korrupsjon og kapitalflukt, eller åpenhet?". KLP har tidlegare vist handlekraft mot selskap dei meiner opererer i ei etisk gråsone.

Sommaren 2013 hamna oljeselskapet Total på svartelista til KLP. Total hadde inngått avtale med Marokko om å leita etter olje og gass utanfor Vest-Sahara. PWYP Norge spurde då om "Oljefondet ville gjera det same". Oljefondet har per dags dato vald å "ikkje utelukke Total".