På ønskjelista frå sivilsamfunnet står det mellom anna kontraktsopenheit, eit digitalt og søkbart aksjonærregister og utvida land-for-land rapportering.
EITI er ein openheitsstandard som krev at utvinningsselskap offentleggjer kor mykje dei betaler til myndigheitene, og at myndigheitene offentleggjer kor mykje dei har motteke. Denne informasjonen blir samanstilt i ein EITI-rapport.
Noreg er med i denne openheitsstandarden, som baserer seg på eit trepartssamarbeid mellom stat, selskap og sivilsamfunn. I fjor vedtok den globale EITI-konferansen nye tilrådingar, som dei ber landa om å følgje opp.
I dag sendte PWYP Norge inn sitt posisjonsnotat i høve til EITI, til Olje og Energidepartementet, som har ansvaret for EITI-implementeringa i Noreg. PWYP Norge er ein del av interessentgruppa for EITI i Noreg, og notatet representerer også synet til den nye sivilsamfunnsgruppa i EITI . Representantane frå sivilsamfunnsorganisasjonar i EITI for 2014-2016 er Industri Energi, Transparency International Norge, WWF Norge, KFUK-KFUM Global og Fagforbundet, i tillegg til PWYP Norge.
Notatet kjem med nokre klare tilrådingar, mellom anna:
Digitalisering av rådata:
Noreg bør gå i front for å gjera offentleg informasjon tilgjengeleg i maskinlesbare format. Dette kan opna for nye tenester basert på offentleg data, og kan kome forskarar, journalistar og organisasjonar til gode. Stoltenberg-regjeringa har tidlegare teke initiativ til eit slikt forslag.
Søkbart aksjonærregister:
Eit digitalisert og søkbart aksjonærregister vil vera eit naturleg verktøy for innbyggarar som vil ha kunnskap om dei reelle eigarane bak selskap som utvinn olje i Noreg. I følgje norsk lov er det den norske stat og norske innbyggarar som er eigar av dei petroleumsressursane som finst på norsk sokkel.
Kontraktsopenheit:
Kontraktsopenheit i alle EITI -land vil skapa eit internasjonalt bibliotek av kontraktsvilkår, noko som igjen vil redusera informasjonsasymmetrien og styrka ressursrike land sine regjeringar. Openheit i kontraktar vil gje regjeringar tilgang til informasjon som selskapa har, og gjera regjeringar meir jambyrdige i forhandlingane med selskap. Brevet understrekar at kontraktar alt er tigjengelege via betalingstenester som Wood Mackenzie.
Meir informasjon om selskap sine samfunnsbidrag:
Sivilsamfunnsorganisasjonane ønskjer å få reia på summane som utvinningsselskapa brukar på CSR/samfunnsansvar. Det er per dags dato ikkje klart om det i Noreg blir utført infrastrukturinvesteringar og sosiale investeringar i Noreg som ikkje er direkte relatert til feltutbyggingar.
Utvida land-for-land rapportering i Noreg:
Brevet avsluttar med å minna Olje og Energidirektoratet på at om Noreg innfører utvida land-for-land rapportering, så kan Noreg søka om såkalla "tilpassa implementering" der landet kan slutta med EITI-implementering etter 5 år utan avvik.
Noreg har innført ein "enkel" land-for-land rapportering, med nokre manglar. Ein utvida land-for-land rapportering krev at selskapa oppgjev 8 rekneskapstal, for kvart land dei er registrert i.
Les brevet frå PWYP Norge, Industri Energi, Transparency International Norge og Fagforbundet: