"Skuffa over norske myndigheiter"

Det norske bistandsprogrammet Olje for Utvikling droppar ein budsjettpost om openheitsmekanismen EITI i samarbeidsavtalen med Uganda for 2014. 

- Me er skuffa over norske myndigheiter, seier Winnie Ngawiirwe i PWYP Uganda.

Olje for utvikling (OfU) er eit norsk bistandsprogram som skal bidra til forsvarleg forvaltning av petroleumsressursar i utviklingsland. 

Uganda er eit av hovudsamarbeidslanda til programmet, som ligg under det norske Utanriksdepartementet. I midten av februar i år vart OfU og ugandiske myndigheiter einige om å droppa ein budsjettpost til EITI-førebuande tiltak.

EITI er ein openheitsstandard som krev utvinningsselskap offentleggjer kor mykje dei betaler til myndigheitene, og at myndigheitene offentleggjer kor mykje dei har motteke. Denne informasjonen blir samanstilt i ein EITI-rapport.

Seniorrådgjevar i Olje for Utvikling-programmet, Trond Kvarsvik, fortel at budsjettposten på 20 000 USD vart fjerna fordi det var usikkert om dei føreslegne tiltaka ville bli gjennomførte.

- I det ugandiske budsjettforslaget var EITI teke med, men i drøftingane med ugandisk side om budsjettet blei det klart at styresmaktene ikkje ønskjer å setja i gang med førebuingar for EITI-tilslutning før Public Finance Bill er vedteken. Denne lova er framleis til diskusjon i Parlamentet, og det er vanskeleg å seia når den vil koma til slutthandsaming. Me vart derfor einige om å fjerna denne budsjettposten, og heller vurdere å ta den inn att seinare i året dersom tilhøva ligg til rette for det, seier Kvarsvik.

Olje for Utvikling-programmet er etterspørselsdrive, slik at aktivitetane krev eit konkret initiativ frå samarbeidslanda.

- Me har lenge oppmoda myndigheitene til å arbeida for å implementera EITI. Me har også tilbode finansiering under Ofu-programmet, men dei kjem ikkje tilbake med handfaste konkrete forslag til aktivitetar, seier Kvarsvik.

Norske myndigheiter burde setja foten ned

Saka har alt fått merksemd i Uganda, etter at den ugandiske nettsida Oil in Uganda omtala saka. Winnie Ngabiirwe i PWYP Uganda seier ho er skuffa over norske myndigheiter. 

- Norske myndigheiter har jobba hardt for openheit i utvinningsindustrien i Uganda. Me i sivilsamfunnet er derfor skuffa over at norske myndigheiter no ikkje set ned foten, og krev at EITI må vera ein føresetnad for å gje støtte. Om Noreg hadde gjort det, trur eg ikkje at ugandiske myndigheiter hadde hatt eit val om å ignorere EITI, seier Ngabiirwe. 

Tidlegare har president Yoweri Museveni lova at Uganda vil innføra EITI.

- EITI er med i regjeringa sine planer. Det er aldri for seint å bli med i EITI, USA vart med i 2013, sa finansminister Maria Kiwanuka i ein tale på ein openheitskonferanse i fjor.

- Den siste utviklinga viser at myndighetene lyg når dei seier at EITI framleis er prioritert, seier Winnie Ngabiirwe.

Ngabiirwe seier at EITI gjev ein unik plattform for sivilsamfunnet i Uganda, som får formalisert ein møteplass med myndigheiter og utvinningsselskap.

- Me har kjempa for EITI i over 3 år, det er ein viktig plattform der me kan utfordra stat og selskap på kva dei får inn av pengar, og kva pengane blir brukt til, seier Ngabiirwe.

Ugandiske myndigheiter argumenterer med at dei først må få gjennom ei ny finanslov i parlamentet, før dei kan gå vidare i retning EITI. Ngabiirwe meiner lova har store svakheiter

- Finanslova vil ikkje gje noko tilgang til offentleg informasjon. Lova legg opp til at finansiell informasjon bli gjeve til parlamentet, men me kan ikkje alltid stola på dei vil vidareformidla denne til offentlegheita, seier Ngabiirwe.

Uganda får 49 millionar gjennom OfU

Olje for Utvikling blir koordinert av Norad, og omfattar 18 land, der 8 land er hovudsamarbeidsland. Den kviler på fire pilarar: ressursforvalting, finansforvalting, tryggleik og miljø.

På Bistandsaktuelt sin "Bistandswiki" blir programmet omtala slik:

"Spørsmål knyttet til godt styresett, innsyn og anti-korrupsjon er et sentralt tema for OfUs arbeid. Her samarbeider OfU med Extractive Industries Transparency Initiative (EITI)."

Samla budsjett for Olje for Utvikling i Uganda for 2014 er på 49 millionar kroner. Den norske ambassaden i Kampala forvaltar pengane, så langt er ingen pengar utbetalt for 2014.

- Me betaler ut pengane i to halvårsbolkar, men har enno ikkje fått utbetalingsanmodning frå Uganda, seier Elin G. Jensen, førstesekretær på den norske ambassaden i Kampala, Uganda.

Pengane gjekk tidlegare til finansdepartementet i Uganda, men ei stor korrupsjonsskandale i fjor pluss eit ønske om å forenkla forvaltningsrutinane, førte til at pengane no blir kanalisert til oljedirektoratet i landet.

PWYP-nettverket arbeider for EITI

- Dette er ein komplisert sak, OfU er etterspørselsdrive, og norske myndigheier kan ikkje overstyra andre land, seier Mona Thowsen, generalsekretær i PWYP Norge, som likevel er uroa for korleis dette kan påverka handlingsrommet til sivilsamfunnet i Uganda. 

- Dette kan gjera arbeidet til sivilsamfunnet i Uganda meir komplisert. Gjennom EITI har sivilsamfunnet status som formell part i eit samarbeid, no opplever sivilsamfunnet at dei blir sett på sidelinja i påvente av ei ny lov, som dei enno ikkje veit om vil føra til meir openheit, seier Thowsen.

PWYP Norge har vore ein av pådrivarane for å få EITI implementert i Noreg. I april arrangerer PWYP Norge modul to i TRACE-programmet for 2013/14 i nettopp Uganda. Då vil det faglege hovudtema for programmodulen vera kontraktsopenheit, som igjen er ein ein av dei nye tilrådingane i EITI

Kontroversiell president i Uganda

false

Norsk bistand til Uganda er eit heitt politisk tema for tida. 24. februar underteikna Uganda sin mangeårige president Museveni ei lov som gjer homofili forbudt i Uganda. Noreg svara, i likheit med fleire andre vestlege land, med å frysa utbetalingar av bistandspengar.

- Me vil no halde tilbake rundt 50 millionar kroner frå vårt samarbeid med Uganda. Samstundes vil me auke støtta til menneskerettigheits- og demokratiforkjemparar, skreiv utanriksminister Børge Brende i ei pressemelding.

- Me veit ikkje kva tilbakehalding av dei 50 millionane kroner vil bety i praksis, seier Elin G. Jensen.

Ambassaden ventar no på at ugandiske myndigheiter skal få gjennom den nye finanslova.

- Når den er vedteken, så kan me igjen gå inn i ein dialog om EITI. Myndigheitene seier dei vil vente med EITI til finanslova er igjennom, seier Jensen som understrekar at ambassaden held fram samarbeidet med sivilsamfunnet i Uganda, og vil fortsatt ha ein dialog med myndigheitene om openheit og ansvarlegheit.

- Me har ikkje lagt EITI på is, seier Jensen.

Usikker framtid for OfU i Uganda

OfU sin femårige samarbeidsavtale med Uganda går ut i juli 2014. Trond Kvarsvik ved OfU seier at samarbeidet kjem til å bli evaluert i vår, Dersom Uganda ønskjer ei ny fase i samarbeidet, vil dette bli vurdert av dei norske departementa som er ansvarlege for OfU-programmet.

Det er dermed uklart om OfU vil halda fram samarbeidet med Uganda etter sommaren.