Gjesteinnlegg: Skatteparadis er ikkje paradis for folk flest

LuxLeaks, SwissLeaks, Panama Papers og Paradise Papers. Kor mange lekkasjar treng regjeringa før den tettar smotthola i lovene, innfører eigarskapsregister og utvida-land-for-land-rapportering.

Dette innlegget er skrevet av Amalie Hilde Tofte, internasjonal rådgiver i Industri Energi, og var opprinnelig publisert på Industri Energi blogg - For Alle den 10. november 2017.

I 2014 kom «LuxLeaks» som avdekka korleis byråkratar i skatteadministrasjonen i Luxembourg aktivt skapte smotthol, og aktivt hjelpte skattebetalarar med å unngå å betale skatt i andre statar. Dermed handla dei stikk i strid med eigne formelle retningslinjer, bindande internasjonalt regelverk og etablerte prinsipp i internasjonal rett.

Året etter kom «SwissLeaks» som avdekka at 111 norske klientar var del av den omfattande lekkasjen frå den sveitsiske HSBC Private Bank. På dei norske kontoane stod det 2,8 milliardar kroner. I 2016 kom «Panama Papers», fram til då, tidenes største dokumentlekkasje med 11 millionar lekka dokument. Panama Papers avdekka korleis statsoverhovud, kriminelle og kjendisar kjøper  seg hemmeleghald og gøymer pengar i skatteparadis.

Denne veka kom «Paradise Papers». Over 13 millionar lekka dokument viser korleis skatteparadis vert brukt til å kutte skatt, skjule eigarskap og tilsløra økonomiske bindingar.

Difor betalar me skatt!

Skatteparadis, kva er det eigentleg? I følgje Tax Justice Network Norge er skatteparadis land eller område som er kjenneteikna ved at dei har forskjellige skattesystem for lokale innbyggarar og utlendingar. Skatteparadiset tilbyr utlendingar låg eller ingen skatt, i tillegg til anonymitet og enkle, raske og fleksible reglar for registrering.

Eit land treng inntekter, og det får landet gjennom skattlegging. Skatteetaten forklarar kvifor me må betale skatt på denne måten: «Vi ønskjer at det skal vere mogeleg for alle å gå på skule og lære å lese og rekne. Viss vi blir sjuke, ønskjer vi at vi skal få behandling på sjukehus. Vi som bur i Noreg har alle glede og nytte av mange velferdsordningar i samfunnet. Dette kostar pengar. Mange pengar. Difor er det viktig at alle er med på å betale. Dette gjer vi ved å betale skatt. Samfunnet er som ei stor felles pengekasse, eit spleiselag. Alle skal betale skatt etter evne og få ytingar når dei treng det».

Hjelper rikingar, kriminelle og multinasjonale selskap

Skatteparadisa er altså ikkje skatteparadis for eigne innbyggjarar.  Eit skatteparadis hjelper derimot utanlandske rikingar, kriminelle og selskap med å vri seg unna skatt i heimlandet.  Dette treng ikkje vera ulovleg, sjølv om skatteparadisa i hovudsak vert brukt til å snyte på eller unngå skatt.

Skatteparadisa gjer det muleg å skjule eigarskap, lage komplekse, lukka selskapsstrukturar, utføre spekulative transaksjonar med stor risiko og omgå finansielle reglar som behov for eigenkapital.

Skatteparadisa i Europa

Å lure unna pengar slik at dei ikkje vert skattlagt er kriminelt i dei fleste land, men skatteplanlegging, å organisere kostnadane og overskotet på ein måte som reduserer skatten til det minst mulege, vert sett på som lovleg. I følgje NUPI er skattlegging så komplekst at dei to strategiane kan vera vanskeleg å skilje frå kvarandre.

Skatteparadis. Ein ser gjerne for seg øyer i Karibia. Visste du at Irland, Beneluxlanda og Nederland også vert brukte til skatteplanlegging og skatteunngåing? Under følgjer eit døme på dette.

«Nike fintet seg unna skatteinnkrevere over hele verden»

Dette var overskrifta i Aftenposten tysdag 7. november 2017. I artikkelen står det at rekneskapet frå Nike sitt hovudkvarter i USA viser at drifta i Europa gav eit overskot før skatt på omlag 12 milliardar kroner. Rekneskapstal frå Nike i Nederland, der Nike European  Operation Netherlands BV (NEON) held til og står for sal og promotering av Nike-produkt i meir enn 75 land utanfor Nord-Amerika, viser eit underskot på 458 millionar kroner før skatt i fjor. Kvifor taper Nike pengar i Europa når konsernet i USA melder om store overskot? Rekneskapet for selskapet i Nederland tyngast av ei gigantisk rekning: bruk og sal av selskapet sine varemerker, logoar og andre immaterielle eigendelar. Aftenposten viser korleis Nike har flytta 17,6 milliardar kroner frå Nederland, kor eit stort overskot normalt ville ført til 25 prosent skatt, til nullskattlandet Bermuda, der Nike verken har  kontor eller tilsette.

Aftenposten har rekna på kor mykje Nike kunne ha betalt i skatt i Norge dersom selskapet rapporterte all skatt her, og kom fram til at sleskapet skulle ha betalt 116 millionar meir i skatt dei siste åra.

«Stabile og forutsigbare rammevilkår»

Dagens Næringsliv avslørte 24. juli at også Statoil har oppretta ei rekke postboksselskap i Nederland for å sluse titals milliardar kroner gjennom Nederland frå andre land, slik at selskapet skal kunne unngå å betale skatt. Skattedirektør Finn Lexov i Statoil uttalte at selskapet valde Nederland grunna dei gunstige skattereglane. Oljebransjen kallar det «stabile og forutsigbare rammevilkår».

Eit kappløp mot botnen

Dei fleste av oss tykkjer at bruk av skatteparadis er simpelt. Sjølv om det er lovleg. Det bidreg til eit kappløp mot botnen. Kva gjer regjeringa med dette? Svaret er: fint lite. I skatteforliket var Stortinget samd i at det skulle lagast eit eigarskapsregister, der også stråselskap og selskap der nokon eig på vegne av andre skulle registrerast. Dette har framleis ikkje kome på plass. Land-for-land-rapportering (LLR) som vart innført i 2014, og som inneber at fleirnasjonale selskap i utvinnings- og skogdriftssektoren skal rapportere utvalde nøkkeltal i dei landa selskapet har verksemd i, har svakheiter som gjer at den ikkje er eigna til å avdekke skatteplanlegging/unngåing og korrupsjon.

Statssekretær Jørgen Næsje (FrP) i Finansdepartementet er ikkje samd i kritikken. Til Dagsavisen 7. november seier han at regjeringa har fått til mykje med skatterapportering. Sanninga er at openheit rundt finansstraumar ikkje har vore prioritert i Norge, og norske sytresmakter vert kritisert for svake kontrollfunksjonar og labert engasjement.

Publish What You Pay – Norge  (PWYP – Norge) ) er organisasjonen som føreslo LLR i Norge, og den fremste kritikaren av måten LLR vart innført på. Forskrifta er i dag utforma slik at relevante opplysningar om dotterselskap og støttefunksjonar, som Statoil sitt postboksselskap i Nederland, ikkje kjem fram. Regjeringa har ikkje vist vilje til å endre forskrifta slik at skattetilpassing vert synleg. Det har blitt gjort ei evaluering av nasjonalt openheitskrav. Denne oppgåva outsourca Finansdepartementet til revisjonsselskapet Deloitte. Resultatet var ein dårleg rapport som ikkje diskuterer eller problematiserer svakheita i LLR-forskrifta når det gjeld synleggjering av uønskt skattetilpassing.

PWYP Norge skriv i sitt høyringssvar til rapporten at «Når forskriften kun krever, gjennom kobling mellom forskriftens §4, 3.ledd og §4, 2. ledd, at opplysninger om investeringer, ansatte, inntekter og kostnader, kun skal oppgis for land hvor selskapene har betalt mer enn 800.000 kroner i skatt til myndighetene, så er det opplagt at mange lavskatteland og særlig nullskattelandene ikke blir rapportert. Det er tilsynelatende en villet politikk at selskapers registeringer og oppbygning av kapital i skatteparadiser ikke skal fremkomme».

Vanlege folk får rekninga

Skatteparadisa er for dei kriminelle, dei superrike og dei multinasjonale selskapa som vil unngå skatt. Kven tek rekninga for dette? Jo, det er du og eg. Heilt vanlege folk. Norge taper skatteinntekter som skal finansiera fellesgoda våre. Difor må me skatta meir eller ta til takke med dårlegare offentleg velferdstilbod.

Dei skikkeleg store taparane er heilt vanlege, fattige folk i utviklingsland. «Samtidig som mange går kreativt til verks for å betale minst mulig skatt, opplever milliarder av mennesker i verden at grunnleggende rettigheter som helse, kvalitetsutdanning og beskyttelse mot overgrep fortsatt er utenfor rekkevidde. Utvikling koster penger. Mye penger!» skriv Line Hegna om temaet i Bistandsaktuelt.

Regjeringa er nøgde med det dei har gjort så langt. Er det difor regjeringa føreslår å fjerne målsettinga for sivilsamfunnsstøtta om «berekraftig naturressursforvaltning og åpenhet om kapitalstrømmer»? Dette vil setja ein effektiv stoppar for små organisasjonar, som PWYP-Norge, som følgjer opp styresmaktene sitt arbeid i høve til multinasjonale selskap og rike elitar i skatteparadis. Er det difor regjeringa ikkje lengre vil gje informasjonsstøtte til organisasjonar som PWYP-Norge, og såleis trugar organisasjonen sin eksistens?

Skatt er ei viktig inntekt

Regjeringa bør ikkje vera nøgd. Det er heilt innlysande at staten vil tene på å skattlegge multinasjonale selskap og rikingar som slusar pengane sine inn i skatteparadis. Dersom desse pengane hadde blitt skattlagte, hadde staten fått større inntekter, som så kunne nyttast til gode formål.

I tillegg til rikingar, kriminelle og multinasjonale selskap, er politikarar, lobbyistar og ein heil industri av finansrådgjevarar involvert i desse skandalane. Lisa Sivertsen og Mona Thowsen, skreiv i Dagsavisen 8. november «også politiske ledere velger å organisere seg gjennom skatteparadiser, lag på lag av hemmelighold og bruk av økonomiske verktøy for å bygge sin makt». Kjære Erna og Siv, ver så snill og få fortgong i dette arbeidet. Slik kan me ikkje ha det.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.