Fem organisasjonar - eit krav til Stortinget

Fem organisasjonar møtte finanskomiteen i høyring. Alle hadde same krav: skatteparadisa må med i forslaget om land-for-land rapportering.

Finanskomiteen arbeider denne månaden med lovforslaget om land-for-land rapportering. Forslaget legg opp til at norske selskap i utvinningsindustrien vil måtte opplysa om kor mykje dei betaler i skatt til andre land, samt andre nøkkeltal for verksemda si. PWYP Norge, Changemaker, Tax Justice Network, Kirkens Nødhjelp og Attac Norge er nokre av organisasjonane som ikkje er nøgde med dette lovforslaget. Tysdag denne veka møtte dei til høyring i finanskomiteen. Alle fem kom med klare oppfordringa om å la land-for-land rapporteringa også omfatte selskap sine støttefunksjonar i skatteparadis.

Knytt opp til finanskrisa

- Såkalla "støttefunksjonar" som skatteparadisa tilbyr er i realiteten "hovudfunksjonar" som legg til rette for kapitalflukt, sa Mona thowsen, generalsekretær i PWYP Norge. - Finansielt hemmelighald var med på å gjera finanskrisa mogeleg. I ettertid har fleire norske offentlege utgreiingar understreka den viktige rolla skatteparadis speler for finansielt hemmelighald, sa Benedikte Pryneid Hansen, leiar i Attac Norge. - Openheit er bra for investorane. Ein fri marknad treng tilgang til mykje informasjon, sa Kjetil Grindland Abildsnes, seniorrådgjevar for Kirkens Nødhjelp.

Rekneskapstal er vesentlege 

Fleire av Stortingsrepresentantane spurde PWYP Norge om detaljane rundt organisasjonen sitt forslag til "utvida land-for-land rapportering". Sentralt i dette forslaget, er at selskap må oppgje sentrale rekneskapstal som notar i årsrekneskapen. Berre slik kan ein få truverdige og samanliknbare tal som viser kor mykje selskap betalar i skatt, samanlikna med kor mykje dei tener på å henta ut naturressursar.

I lovforslaget frå Finansdepartementet blir det berre krevd ein rapport separat frå årsrekneskapen. 

- Rekneskapstal er det vesentlege her. Viss me ikkje krev desse tala, så blir mykje av rapporteringa uvesentleg. Å rapportera i notar i årsrekneskapen vil berre ta nokre dagar for store selskap med eigne IT-system. Desse tala blir alt rapportert internt, så det krev ikkje mykje ekstraarbeid, seier Frian Aarsnes, statsautorisert revisor og styreleiar i PWYP Norge. Han har sjølv arbeidd som revisor frå ulike land.

- Eg ser at ofte så blir 20% av bruttoinntekta flytta over til skatteparadis, slik reduserer selskapa skattepliktig inntekt. Derfor er det viktig å ha rapportar også frå selskapa sine underselskap i skatteparadis, sa Aarsnes. Sjå "heile høyringa her - 300 minutt ute i opptaket" Les PWYP Norge sin "presentasjon for finanskomiteen her: