Ny rapport gjev toppkarakter til Statoil

Statoil er best i klassen i ny rapport om openheit i norske selskap. PWYP Norge fryktar dette kan bli ei kvilepute for selskapet, og ønskjer ein breiare debatt om korrupsjon, som også inkluderer kapitalflukt.

- Denne rapporten er viktig for norske selskap som opererer i utlandet, politikarar og investorar, sa Guro Slettemark, generalsekretær i Transparency International Norge, då ho lanserte rapporten Åpenhet i selskapsrapportering? på fredag Rapporten er basert på offentleg tilgjengeleg informasjon frå dei 50 største selskapa med internasjonal aktivitet notert på Oslo børs. *To selskap skil seg ut som best i klassen: Statoil og Telenor. På jumboplass finn ein Lerøy Seafood Group, Nordic Semiconductor og Royal Caribbean Cruises*. Rapporten rangerer selskapa etter openheit innan tre kategoriar: * Openheit om selskapa sine program for anti-korrupsjon.

Organisatorisk openheit om dotterselskap og eigarinteresser.  

Land-for-land rapportering av finansiell informasjon. Statoil gjer det generelt godt innan alle desse tre kategoriane, spesielt når det gjeld land-for-land rapportering. Selskapet har verksemd i 43 land, og oppgjer informasjon om inntekter, investeringar, skatt og samfunnsbidrag for kvart land dei har verksemd i.

Mona Thowsen, generalsekretær i PWYP Norge, fryktar at Statoil kan bruke rapporten som ei kvilepute. Ho var med i panelet som kommenterte rapporten på Litteraturhuset fredag.

- Rapporten tek utgangspunkt i ei form for frivillig land-for-land rapportering som Statoil starta med for nesten ti år sidan. Det skal Statoil ha skryt for, men dette er altså nesten ti år sidan. No er det på tide at Statoil tek neste steg med ei utvida land-for-land rapportering, sa Mona Thowsen. Thowsen meiner at Statoil i dag har mogelegheita til å skjula i kor stor grad dei plasserer dotterselskap i skatteparadis for å redusera skatteforpliktingane sine i land dei utvinner ressursar frå.

- Det hemmelighaldet som skatteparadisa tilbyr, gjer at det i praksis det umogeleg å vita kva som er korrupsjon og kva som er aggressiv skatteplanlegging, seier Thowsen. Fredag stemte Stortinget for ei ny lov om land-for-land rapportering. Sjølv om PWYP Norge meiner dette er eit steg i riktig retning, så vil ikkje lova slik den er i dag koma til å omfatta norske selskap sin bruk av skatteparadis.

"LES PRESSEMELDINGA FRÅ PWYP NORGE HER

Arbeidet med å gjere land-for-land rapportering til eit lovkrav har møtt motstand frå Statoil, som meiner rapporteringa heller bør vera ei "frivillig ordning" Selskapet er også med i den amerikanske lobbyorganisasjonen American Petroleum Institute, som har gått til "rettsak mot amerikanske myndigheiter for å hindre ei ny openheitslov i USA

Mona Thowsen stiller også spørsmål om i kor stor grad FN-konvensjonen mot korrupsjon er like relevant i dag og om den bør supplerast med ein konvensjon for openheit i økonomiske spørsmål og mot lukka strukturar som skatteparadis. _Foto frå rapportlanseringa av Guro Slettemark (t.v) generalsekretær og Gro Skaaren-Fystro, spesialrådgjevar i Transparancy International Norge. (Elizabeth Walmann)_