Vil sjarmera politikarane til å vedta lov mot skatteflukt

image

Changemaker fekk ein klem frå Sigbjørn Johnsen og eit vink frå Jens Stoltenberg då dei nye reglane for skatterapportering vart lagt fram for Stortinget. Eit samla norsk sivilsamfunn kjempar no for at Stortinget må vedta ei effektiv Openheitslov som hjelper fattige land, ikkje rike oljeselskap.

Hei Siggen!_ Ungdommane i Changemaker ser Sigbjørn Johnsen i det fjerne. Han er på veg mot Stortinget med eit statsbudsjett i kofferten med eit kobbel av pressefolk rundt seg. Den avtroppande finansministeren løfter på hatten når han ser dei. Ingrid Aas Borge, leiar i "Changemaker", får ein klem. _

- No må du hugse at denne dagen ikkje berre er for statsbudsjettet,_ seier ho. 

- Nei, i dag er det land-for-land rapportering også,_ seier Sigbjørn Johnsen, smiler og går vidare inn mot Stortinget. *Strengare enn EU* Lovforslaget om land-for-land rapportering vart lagt fram for Stortinget måndag 14. oktober, i samband med statsbudsjettet.

Les heile "lovforslaget her

Krava om land-for-land rapportering utgjer den såkalla Openheitslova, og vil føra til at norske selskap i skogbruks- og utvinningsindustrien må rapportera kva dei betalar i skatt i andre land. Eit slikt krav er viktig, slik at det blir lettare å sjå om fattige land faktisk får betalt for ressursane sine. Les meir om "Openheitslova her

Krav om land-for-land rapportering er også på trappene i EU. Fleire organisasjonar, mellom anna Publish What You Pay Norge, Attac og Changemaker har lenge jobba for at rapporteringa skal vera strengare enn det EU legg opp til.

Statoil blir høyrd i lovforslaget

Det har også Finansdepartementet lagt til grunn i sitt lovforslag, men med ein viktig skilnad: dei krev _ikkje_ at skatteutbetalingane skal bli oppgjevne i notar i årsrapporten. Lovforslaget frå Finansdepartementet legg heller til grunn at selskapa skal utarbeida ein eigen rapport separat frå årsrapporten som viser kva dei har betalt til utanlandske myndigheiter. Dette er det same som "Statoil har foreslege" PWYP Norge meiner at det svært viktig å krevja informasjonen som notar i rekneskapen, viss ikkje blir rapporteringa dyrare og tala som selskapa presenterer, blir mindre truverdige.

Les PWYP Norge sitt "høyringsinnspel til Openheitslova her" Dette synet deler også Økokrim, som meiner at dette vil gje meir einsarta og tilgjengelig rapportering. _"En slik løsning fremstår også som naturlig siden den informasjon som skal rapporteres/synliggjøres har nær tilknytning til regnskapet og på mange måter ikke skiller seg vesentlig fra andre opplysninger som allerede i dag skal gis i noter"_ har Økokrim argumentert med "i sitt høyringsinnspel

Satsar på sentrum og raudgrøne 

Lovforslaget skal bli handsama i Stortinget dei første to vekene i november. Lova skal etter planen trå i kraft 1. januar 2014.

- Me kjem til å arbeida opp mot stortingspolitikarane i tida framover. Me ønsker at Finanskomiteen skal diskutera koplinga til årsrekneskapen, seier Guro, leiar i gjeld- og kapitalfluktutvalet til Changemaker. Avtroppande utviklingsminister Heikki Holmås frå SV og stortingsrepresentant for KrF, Hans Olav Syversen er blant dei som tidlegare har støtta strenge krav om land-for-land rapportering. På plassen framfor Stortinget fekk Changemaker ein klem frå finansministeren og eit smil og eit vink frå Jens Stoltenberg. Men raudgrøn støtte er ikkje nok når det er borgarleg fleirtal på Stortinget. Ingrid Aas Borge er spent på om lovforslaget får støtte i Stortinget.

- Me har inntrykk av at Høgre og FrP ikkje er så oppdatert på kva dette lovforslaget går ut på, me har som mål å gje dei meir informasjon om dette. Men, om me får med oss Venstre og KrF har me fleirtal for lovforslaget, seier Aas Borge.

Alle foto: Maria Lavik Foto framside: Ingrid Aas Borge i Changemaker helser på finansminister Sigbjørn Johnsen. Foto: Jens Stoltenberg vinkar til ungdommane frå Changemaker som demonstrerte for ei ny Openheitslov