Samla i Oslo for å kreva politikk mot kapitalflukt

Dei er journalistar, fagorganiserte, religiøse leiarar og aktivister. Alle arbeider for finansiell åpenhet i heimlanda. No er dei i Oslo for å ta kampen mot kapitalflukt eit steg lenger.

I helga kom 25 medlemmer frå sivilsamfunnet i seks afrikanske land til Oslo. Dei skal delta på eit kursopplegg i regi av PWYP Norge. Programmet har namnet TRACE - som står for Transparency and Accountability in Extractive Industries. Deltakarane kjem i frå Liberia, Sør-Sudan, Ghana, Tanzania, Uganda og Mozambik. Dei har ulik bakgrunn og alder, men har til felles ei interesse for finansiell openheit i utvinningsindustrien. I løpet av åtte kursdagar kjem deltakarane til å læra meir om oljeutvinning, internasjonal rett og openheitsmekanismer.

Men deltakarane er ikkje komne til Noreg berre for å læra. Dei representerer alle land som årleg tapar milliardar av kroner i kapitalflukt frå utvinningsindustrien. Dette er pengar som heller kunne ha gått til å skapa utvikling i Afrika, og gjere kontinentet mindre avhengig bistand. Deltakarane er komne til Noreg for å stilla krav til norsk næringsliv, politikarar og EU-kommisjonen. Dette skjer 28. november, i eit "seminar på Litteraturhuset i Oslo".

LES MEIR OM "TRACE-PROGRAMMET HER"