Professor refser Google og ExxonMobil for å bruka kompliserte selskapsstrukturar for å unngå å betala skatt. Han har eit enkelt forslag for å tvinga store multinasjonale selskap til bidra meir til fellesskapet*.
- Det noverande skattesystemet er over hundre år gamalt, og er fullt av feil, skriv Prem Sikka, professor i rekneskap og revisjon ved University of Essex "i ein kronikk".
Bermudatriangel reduserer skatt
Han bruker ExxonMobil og Google som to døme: begge er store multinasjonale selskap med base i USA, og begge selskapa er blitt kjende for å betala svært lite i skatt. I fjor betalte Google 11 millionar pund til britiske myndigheiter i selskapsskatt, etter å ha hatt ei omsetnad på rundt 3 milliardar pund i landet. Professor Sikka forklarar at Google brukar ordninga med royalties, betaling for opphavsrettar, aktivt for å redusera selskapet si skattepliktige inntekt. Google har plassert dei intellektuelle opphavsrettane sine i eit selskap på skatteparadiset Bermuda. Underselskap i Google-gruppa betalar store summar i royalties til selskapet på Bermuda, og kan dermed skriva ned sine skattepliktige inntekter. Selskapet i Bermuda treng ikkje betala skatt på dei enorme inntektene frå royalties, og Google reduserer slik dei samla skatteutbetalingane sine.
Tente 10 milliardar Euro på ein tilsett
Prem Sikka brukar ExxonMobil som eit anna skrekkeksempel. Det amerikanske oljeselskapet sette opp eit underselskap i Spania, som tilfeldigvis hadde same adresse som rekneskapsfirmaet deira, PricewaterhouseCoopers. Det spanske selskapet rapporterte inntekter på 10 milliardar Euro for perioden 2009 til 2011, trass i at selskapet berre hadde ein tilsett. I følgje Sikka var dette ein strategi for å utnytta spanske lover som gjev gunstige skatteforhold for å tiltrekka seg investeringar frå utlandet. - Slik unngjekk ExxonMobil å betala skatt i USA og andre land, skriv Sikka.
Vil ha revisjonsrevolusjon
Løysinga på denne situasjonen er ganske enkel, meiner Prem Sikka. Han foreslår at multinasjonale selskap bør bli behandla som samla einingar. _-Selskapa sin globale profitt bør allokerast til landa dei opererer i, fordelinga bør vera basert på tal på tilsette, omsetnad, verdiar og andre profittindikatorar i dei ulike landa. -Så blir selskapa skattlagd etter passande ratar, skriv Sikka.
Vil undersøka "dei fire store"
Professoren i rekneskap og revisjon er svært skeptisk til revisjons-selskapa si rolle i å legga til rette for skatteunngåing. I fjor held han foredrag under konferansen "Financial secrecy, society and vested interests" som vart arrangert av PWYP Norge og NHH. Her hevda Sikka at store rekneskapsfirma kan samanliknast med organisert mafia, sidan begge kontrollerer staten og svekker demokratiet ved å legga til rette for skatteunngåing. Sjå heile foredraget "The Pin-Stripe Mafia: How accountancy firms destroy societies her". Prem Sikka har også bede om at britiske styresmakter må undersøka dei "fire store" innan revisjonsbransjen: Ernst&Young, PricewaterhouseCoopers PwC, KPMG og Deloitte. I fjor kom det fram at desse fire selskapa stod bak "halvparten av alle saker om skatteunngåing".