Høgre og Framstegspartiet arbeider no med å danna regjering. Partiprogramma deira åpnar for å støtta lovforslaget frå PWYP Norge om utvida land-for-land rapportering, ikkje minst med den viktige koblinga til reelle rekneskapstal.
Mandag kveld offentleggjorde dei fire borgarlege partia at berre Høgre og Framstegspartiet vil danna ny regjering saman. Publish What You Pay Norge håpar at den nye regjeringa vil støtta lovforslaget om utvida land-for-land rapportering. Dette lovforslaget kan bli lagt fram 14. oktober, når statsbudsjettet blir lagt fram for Stortinget.
Forslaget frå PWYP Norge legg til grunn at olje- og gruveselskap i utlandet må oppje mellom anna kor mykje dei betalar i skatt og kor pengestraumane i selskapa tek vegen, og at desse tala blir oppgjevne som notar i årsrekneskapen.
Dette lovforslaget er viktig for både for å sikra menneskerettar, men også for å ta vare på investorane sine interesser, sidan dei ofte treng kunnskap om selskapa dei investerer i, seier Mona Thowsen, generalsekretær i PWYP Norge. Ho understrekar at det er viktig at ei ny lov krever at reelle rekneskapstal blir rapportert av selskapa.
Det vil gje truverdig informasjon om kvar pengestraumane er blitt av, pengar som burde gå til å bygga demokrati og sikra menneskerettar. Fleire punkt i partiprogramma til dei to nye regjeringspartia gjev støtte til ein slik tankegang. Høgre legg i sitt program vekt på menneskerettar og at handel og investeringar over landegrenser er nødvendig for at fattige land skal få inn skatteinntekter og ha muligheita til å veksa ut av fattigdom.
Les heile programmet for "utviklingspolitikken til Høgre her" Framstegspartiet er også opptekne av verdien av universelle menneskerettar, deira "prinsippprogram kan du lesa her" Høgre og Framstegspartiet sine representantar i Utanriks- og Forsvarskomiteen på Stortinget har dessutan tidlegare "støtta forslaget om ein utvida land-for-land rapporering"
Foto: påtroppande regjeringskameratar Siv Jensen og Erna Solberg - Foto: Eirik Helland Urke/Nordiske Mediedager