Kofi Annan kritiserer skatteverstingar

Skatteunngåing er kanskje lovleg, men det er umoralsk og uakseptabelt, seier tidlegare generalsekretær i FN, Kofi Annan.

Naturressursane i Afrika høyrer til folket, men dei er blitt rana for desse fordelane ved profittplassering, korrupsjon, arbeidsløyse og økonomisk ulikheit,_ sa Kofi Annan i ein tale ved Graduate Institute" i Geneve førre veke.

Les "heile talen her"

Skatteflukt større enn u-hjelp

 Den tidlegare generalsekretæren i FN har engasjert seg for finansiell åpenheit, og går hardt ut mot multinasjonale selskap som hentar ut ressursar frå afrikanske land utan å betala for seg. Han brukar praksisen med feilprising som eit eksempel på korleis selskap unngår å betala skatt. Dette er ein teknikk der selskapa set ein feil pris på varer som blir eksportert. Det går ofte ut på at selskapa set ein kunstig låg pris på varer når dei sel dei ut av landet, slik at deira skattepliktige inntekt vert lågare.

Dette kosta Afrika 230 milliarder kroner i året, noko som er meir enn det kontinentet får i utviklingshelp frå USA,_ sa Annan i talen. PWYP Norge har skrive rapporten "Lost Billions. Transfer Pricing in the Extractive Industries", som handlar om denne praksisen. Rapporten kan du "lesa her

Skryt til Statoil 

Kofi Annan trekk fram Statoil som eit positivt eksempel, som eit selskap som frivillig rapporterer skattetal for å sikra finansiell åpenheit. Sidan 2005 har Statoil rapportert desse tala.

Statoil var en pådriver for åpenheit rundt skattebetalingar for åtte år sidan. Men Statoil heng ikkje med i utviklinga og dei motarbeider ei åpenheitslov som vil setja informasjon om skattebetalingar i ein meiningsfull samanheng. Isolerte tal gjev lite meining, seier Mona Thowsen, generalsekretær i PWYP Norge.

 Statoil sin motstand mot utvida land-for-land rapportering er underleg, sidan dette er den enklaste, billigaste og mest effektive måten eit selskap kan rapportera på, sidan rapporteringa er heilt i tråd med korleis selskap i utvinningsindustrien konsoliderer rekneskapen sin på.

Denne rapporteringa er også nyttig for investorar som ønskjer innsikt i kva dei investerer i, og gje standardisert og truverdig informasjon til myndigheiter på tvers av landegrenser, seier Thowsen. Les meir om PWYP Norge sitt initiativ for "utvida land-for-land rapportering her".

I talen omtala Kofi Annan dessutan lobbygruppa "American Petroleum Instutute" som ein "fartsdump" på vegen mot finansiell åpenheit. Statoil er medlem i denne lobbygruppa som motarbeider eit ny åpenheitslov i USA, men Statoil har etterkvart distansert seg frå API sitt "søksmål for å hindra ei slik lov"